Utflyttingsgrad blant sysselsette og ikkje-sysselsette

For folkesetnaden som heilskap er skilnaden i utflyttingsgrad mellom sysselsette og ikkje-sysselsette personar relativt liten. Omlag tre prosent av den sysselsette folkesetnaden flytta frå fylket årleg i perioden 2010-15, medan tala låg mellom fire og seks prosent for ikkje- sysselsette*. 

Dei tilsvarande tala fordelt på aldersgrupper syner meir interessante skilnadar (vel "sammenlign" knappen under figuren). I aldersgruppa mellom 15 og 29 år er utflyttingsgraden så godt som heilt lik både for sysselsette og ikkje-sysselsette, medan i aldersgruppene  30- 49 år  og 50-74 år er utflyttinga langt høgare for ikkje- sysselsette enn den er for sysselsette

Vi kan tolke dette som at sysselsetjing er av stor betyding for val av bustad for folk over 30 år, medan mange av dei yngste er tilsett i arbeidsforhold dei reknar som midlertidige og i mindre grad blir stadbotne igjennom sitt arbeid. 

*Det må understrekast at det er skilnad på ikkje- sysselsette og arbeidslause. Om lag 30 prosent av befolkninga mellom 15-74 år er ikkje- sysselsett, men berre om lag to prosent av desse er registrert som arbeidslause og dermed reelt arbeidssøkande. At ein ikkje får jobb er derfor berre ein av fleire moglege forklaringar på at utflyttinga i nokon tilfelle er høgare blant ikkje-sysselsette