Mobbing i skulen

Mobbing er ein vesentleg, individuell risikofaktor for psykiske lidingar (Fosse, G., 2006). Born som vert mobba har opptil sju gonger høgare risiko for psykiske plager som angst, uro, depresjon og einsemd, enn born som ikkje vert utsett for mobbing. Blant born og unge som vert mobba er og kroppslege helseplager som hovudverk, ryggsmerter, "vondt i magen" , dobbelt så vanleg som blant andre born. Desto oftare eit barn vert mobba, til større er risikoen for helseplager (Nordhagen R, Nielsen A, Stigum H (2005)).

I dei årlege elevundersøkingane blant elevar i 7. og 10. klasse i grunnskulen vert dei m.a. spurde om dei har opplevd mobbing dei siste månadene.