Historisk og framskrive folketalsutvikling 2016-2040.

Ei befolkningsframskriving er ei berekning av befolkninga si framtidige størrelse og samansetning. Til framskrivinga blir det nytta føresetnader om dei fire demografiske komponentane: framtidig fruktbarheit, dødlegheit, innanlandsk flytting og inn- og utvandring. Ved å nytte ulike føresetnader om desse komponentane har SSB laga ulike alternative framskrivingar. I hovudalternativet, som blir kalla MMMM-alternativet, ligg desse føresetnadane til grunn: 
  • Fruktbarheita, som i fjor var rekordlåg på 1,62 barn per kvinne, vil falle til 1,60 barn per kvinne på kort sikt før den stig gradvis mot eit nivå på 1,76 barn per kvinne. 
  • Levealderen stig frå 81 år for menn og 84 år for kvinner til høvesvis 88 og 90 år i 2060. 
  • Flytting innanlands held fram i same mønster som i det siste tiåret. Dermed framskriv SSB at sentraliseringa held fram. 
  • Innvandringa har falle dei siste åra, og i framskrivingane føresett SSB at nedgangen fortset fram mot 2030. Etter 2030 føresett SSB ei svak auke i innvandringa, som ein konsekvens av ei forventa befolkningsauke ellers i verda.  SSB forventar at utvandringa synk fram mot 2030, for deretter å auke svakt. Dette gir ei årleg nettoinnvandring på 17 000-20 000 til Noreg gjennom det meste av århundret.
  • Klikk her om du vil lese meir om modellane, føresetnadane og resultata for befolkningsframskrivingane frå 2018. 

Om desse føresetnadane er korrekte vil befolkningsveksta i Norge fortsette, men på eit lågare nivå enn i det siste tiåret. Folketalet i Sogn og Fjordane vil bli 113 422 personar den 1. januar 2040. Det er 3 192 personar meir enn ved inngangen av 2018. Den prosentvise folketalsauken frå 2018 til 2040 blir 2,9 prosent og Sogn og Fjordane har såleis den andre lågaste folketalsveksten av landets 18 fylker. 

Det er i midlertidig stor skilnad på befolkningsutviklinga i kommunane. Sjå Framskrive folketalsutvikling2018-2040. Per kommune for meir informasjon.

For to år sidan publiserte SSB også eit sett med befolkningsframskrivingar. Då spådde dei at folketalet i fylket ville vere 118 274 personar i 2040. Dette er 4 852 personar meir enn i framskrivinga som blei publisert 26. juni 2018.