Regional analyse 2017

«Regional analyse for Sogn og Fjordane 2017» er no publisert. 

Du finn rapporten her

Rapporten inneheld ei oversikt over samfunnsutviklinga i 2016, samt prognosar for folketals- og arbeidsplassutvikling.

Rapportane syner skildrande statistikk over samfunnstilhøve som folketalsutvikling, bustadbygging, arbeidsplassutvikling, verdiskaping, produktivitet og pendling. Vi har laga ei punktvis oppsummering av dette under, men viser til rapporten for detaljar.

Nokon hovudpoeng i rapporten:

Attraktivitet for næring og bustad

I tillegg til den skildrande statistikken er analysane av næringsattraktivitet og bustadattraktivitet spesielt interessante. Attraktivitetsanalysane er eit mål på kor gode kommunar og fylke er på å gjere det beste ut av sin situasjon.

Næringsattraktivitet er eit mål på arbeidsplassutvikling som tek omsyn til at kommunane og fylka har forskjellig næringsstruktur. Ved å ta utgangspunkt i den nasjonale vekstgraden for kvar næring kan ein estimere ei venta arbeidsplassutvikling i kommunar og fylke dersom alle næringane hadde hatt same vekstgrad som næringa nasjonalt. Næringsattraktiviteten er lik differansen imellom den venta og den faktiske arbeidsplassutviklinga.

Eit tenkt døme kan vere at reiselivsnæringa veks med ein prosent i Noreg som heilskap. Viss den faktiske veksten i eit fylke er to prosent blir næringsattraktiviteten i reiselivsnæringa positiv med ein prosent. Arbeidsplassveksten har altså vore ein prosent større enn venta.

Ein næringsstruktur prega av næringar som veks svakt nasjonalt (jordbruk, fiskeri og industri)  har dei siste åra gitt Sogn og Fjordane svake føresetnadar for arbeidsplassvekst. I tiårsperioden 2007-16 var arbeidsplassutviklinga likevel betre enn venta, slik at fylket fekk ein positiv næringsattraktivitet. Av regionane i fylket er det HAFS som har den sterkaste næringsattraktiviteten, følgd av Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Kommunane med sterkast næringsattraktivitet er Fjaler, Gulen og Aurland, medan kommunane med den svakaste næringsattraktiviteten er Høyanger, Lærdal og Hornindal.

I 2016 var næringsattraktiviteten i fylket svært sterk, med ein arbeidsplassvekst på 438 fleire enn venta. For fyrste gong sidan tusenårsskiftet, gav også næringsstrukturen i Sogn og Fjordane betre føresetnadar for vekst enn næringsstrukturen i landet som heilskap. Det skuldast hovudsakleg at petroleumsnæringa, som er svært viktig nasjonalt, tapte arbeidsplassar dette året. Samstundes var det sterk arbeidsplassvekst i industrien, som står sterkt i Sogn og Fjordane.

Tilsvarande er analysane av bustadsattraktivitet i kommunar og fylke basert på ei samanlikning av faktisk nettoflytting og venta nettoflytting. Den venta nettoflyttinga er gitt ved arbeidsplassutviklinga, pendlemoglegheitene og folketalet. Vi kan tenke oss to kommunar med same prosentvise folketalsutvikling. Den fyrste kommunen har sterk arbeidsplassutvikling, gode pendlemoglegheiter til kringliggjande arbeidsmarknad og høgt folketal. I den andre kommunen er arbeidsplassutviklinga svak, pendlemoglegheitene svake og folketalet låg. Den siste kommunen har høgare bustadsattraktivitet enn den fyrste sidan den klarar å halde same folketalsutvikling trass i langt svakare føresetnadar.

Bustadsattraktiviteten for perioden 2007-2016 var negativ i Sogn og Fjordane. Av regionane var det kun Sogn som hadde positiv bustadsattraktivitet. I Nordfjord var bustadattraktiviteten om lag nøytral, medan den var negativ i HAFS og Sunnfjord. Dei to sistnemnde hadde altså svakare nettoflytting enn venta.

I 2016 var bustadsattraktiviteten i Sogn og Fjordane positiv. Det flytta 492 fleire personar til fylket enn venta dette året. Årsaka til dette er både at den innanlandske utflyttinga var mindre enn tidlegare, og at innvandringa til fylket var svært høg.

Scenario for framtida

Telemarksforsking lagar prognosar for framtidig arbeidsplassutvikling og folketalsutvikling. Prognosane er basert på føresetnadar om forskjellig grad av attraktivitet, og forskjellige strukturelle tilhøve. I den mest optimistiske prognosen, der både strukturelle tilhøve og attraktivitet dreg i positiv retning, vil talet arbeidsplassar i Sogn og Fjordane auke frå dei 54 000 i 2016 til 58 000 i 2030. Viss derimot dei strukturelle tilhøva og attraktiviteten blir svak vil talet arbeidsplassar falle til 49 000 i 2030.

For folketalsutvikling gir den mest optimistiske prognosen vekst frå dagens 110 000 innbyggjarar til 116 000 innbyggjarar i 2030, medan den mest pessimistiske prognosen gir eit fall til 108 000 innbyggjarar i  2030.