Innflyttarar i prosent av befolkning

I perioden 2010-2016 var det størst del innflytting til Sogn og Fjordane frå andre fylker i Norge i aldersgruppa 19-29 år. Mellom 4,8 og 6,4 prosent av befolkninga har flytta inn til Sogn og Fjordane frå andre fylker i Norge kvart år. 

Aldersgruppa med nest høgast del innflyttarar er aldersgruppa 30-44 år. I denne aldersgruppa har mellom 2,3 og 2,9 prosent flytta til Sogn og Fjordane frå andre fylker i Norge kvart år. Gruppa med tredje høgast del innflyttarar er aldersgruppa 0-18 år. Desse flyttar truleg til fylket saman med føresatte. 

I aldersgruppene 45-64 år og 65+ år er ein relativt liten del av befolkninga nyinnflytta. 



*Ved å trykke på "sammenlign" knappen under figuren kan du sjå korleis tala har utvikla seg over tid. 

Sjå også dei einskilde kommunesidene på fylkesspegelen for å sjå korleis utviklinga er på kommunenivå: