Klima i fylkeskommunal- og kommunal planlegging

Kommunane og fylkeskommunen har ei sentral rolle i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar. 

Statistikk for klimagassutslett i kommunar og fylkeskommunen
Miljødirektoratet har utvikla ei løysing som viser utslepp av klimagassar som oppstår innanfor kommunen sine grenser. Foreløpig vises utslettstala for åra 2009, 2011, 2013, 2015 og 2016 og blir fordelt på:
  • ulike kjelder til klimagassutslepp, samt under sektorarar som t.d. transport, industri og jordbruk
  • klimagassane CO2, metan (CH4) og lystgass (N20)
Her er lenke til Miljødirektoratet sin statistikk om klimagassutslepp innnafor kommunen din. 

Statistikken er vist i ein betaversjon, og forbetringar og feilrettingar skjer fortløpnade.

Korleis vurdere konsekvenser av klimatiltak?
Det å anslå effekten av klimatiltak kan vere eit nyttig hjelpemiddel i kommunen sitt arbeid med klima- og energiplanlegging. På miljokommune.no finn du verktøy (og rettleiing til korleis du nyttar verktøya) som hjelper deg med å berekne utsleppseffekten av ulike klimatiltak i kommunen din

Gjennom å bruke desse verktøya kan ein anslå kor stor utsleppsreduksjon ein kan oppnå dersom ein eksempelvis byter ut to kommunale dieselbilar med el-bilar eller legg til rette for landstraum i havn. 

Andre tips
Miljødirektoratet arrangerer ei rekke webinar om lokalt klimaarbeid for kommunar, eksempelvis "Klimatilpasning: klimaprofilene for norske fylker - hvordan kan kommunene bruke disse?", "Hjelp til kommuner som vil søke Klimasats-støtte i 2019" og "Klimatiltak i små kommuner - hva er mulig å få til". Webinara er gratis og opne for alle. Her finn du ei oversikt over gjennomførte og planlagde webinar. 

Miljødirektoratet har også oppretta gruppa "Lokalt klimaarbeid" på Facebook. Gruppa er for alle som arbeider med å redusere klimagassutslepp eller klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar. Miljødirektoratet deler info om støtteordningar, tips og rettleiing, og håpar medlemmane i gruppa vil dele info og diskutere seg imellom.

Kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak kan om midlar til klimatiltak i eigen kommune. Midlane skal utløyse klimagassutslepp, og bidra til ei omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Les meir om ordninga her