Kvartalsvis folketalsutvikling

Folketalet i Sogn og Fjordane fall med 86 personar i løpet av januar, februar og mars 2019. Dei siste ti åra har folketalet auka kvart år i fyrste kvartal, bortsett frå ein svak nedgang i 2013 (-4) og ein større nedgang i 2018 (-161).

Ni kommunar hadde folketalsvekst i fyrste kvartal 2019: Sogndal (25), Eid (16), Solund (12), Lærdal (10), Askvoll (7), Førde (5), Balestrand (4), Gloppen (4) og Aurland (1). Leikanger, Fjaler og Hornindal hadde ingen folketalsvekst, medan resten av kommunane hadde ein nedgang i folketalet fyrste kvartal 2019.

 

Nettoinnvandring

Nettoinnvandringa (innvandra-utvandra) var på 111 personer i fyrste kvartal 2019. Innvandringa har vore større enn utvandringa i fyrste kvartal dei siste åra. Etter ein topp fyrste kvartal 2012, har nettoinnvandringa vore noko svakare same kvartal åra etter. Luster hadde ein større utvandring enn innvandring (-11), medan Høyanger, Balestrand, Askvoll og Førde hadde ei nettoinnvandring lik null. Resten av kommunane hadde ei større innvandring enn utvandring fyrste kvartal 2019.

 

Fødselsoverskot

Sogn og Fjordane hadde eit fødselsoverskot (fleire fødslar enn dødsfall) på -33 personar i fyrste kvartal 2019. Sju kommunar hadde eit positivt fødselsoverskot dette kvartalet: Sogndal (13), Førde (10), Gloppen (5), Selje (3), Eid (1), Hornindal (1) og Stryn (1). Solund, Balestrand og Askvoll hadde eit fødselsoverskot lik null, og resten av kommunane hadde eit negativt fødselsoverskot fyrste kvartal 2019. 


*Ved å trykke på "sammenlign" knappen under figuren kan du sjå korleis tala har utvikla seg over tid for følgjande demografiske faktorar: 

Sjå også dei einskilde kommunesidene på fylkesspegelen for å sjå korleis utviklinga er på kommunenivå: