Barnehagedekning 1-2 år

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Barn som fylte eitt år innan 01.09, og som søkte innan fristen, hadde rett til plass etter barnehagelova § 12 a.

Sogn og Fjordane hadde i 2018 barnehagedekning som ligg høgare enn landsgjennomsnittet, med ei dekningsgrad for 2018 på over 85,4 prosent for aldersgruppa 1-2 år. Dekningsgrada på landsbasis i 2018 var 83,5 prosent.