Også i Sunnfjord følgjer stillingstilgangen stort
sett konjunkturane. Førde peikar seg ut med høgare stillingstilgang i forhold
til arbeidsstyrken enn dei andre kommunane i regionen, og her har det vore stor
vekst dei siste åra. I Førde står butikk- og salsarbeid og helse, pleie og
omsorg for ein stor del av stillingstilgangen. Naustdal og Gaular har lågast
stillingstilgang. Mange i desse kommunane pendlar til Førde.