Sysselsetjingsutvikling i offentleg sektor

Sogn og Fjordane har i likskap med landet som heilskap hatt sysselsetjingsvekst i offentleg sektor sidan 2009.

Dette gjeld også for kvart einskild år i denne perioden, bortsett frå i 2014, då Sogn og Fjordane hadde negativ sysselsetjingsutvikling i offentleg sektor. Elles er sysselsetjingsutviklinga i offentleg sektor i Sogn og Fjordane mykje lik som i Noreg som heilskap. 


*Sysselsetjingsutviklinga mellom 2014 og 2015 er ikkje tilgengeleg. Endringar i SSB sitt rapporteringsgrunnlag gjer tala umogleg å samanlikne i dette tidsrommet.