Røyking - gravide kvinner

Røyking er rekna å vere ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtreng halvparten av gruppene som røyker dagleg i mange år, døyr av sjukdommar som skuldast tobakken. I tillegg rammas mange av sjukdommar som fører til vesentlege helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at gruppene som røyker dagleg i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og at 25 prosent av daglegrøykarane dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. 

Røyking i svangerskapet kan sei noko om røyking hos kvinner i fertil alder. For resten av befolkninga er datagrunnlaget på røykevaner dessverre svært dårlig. Det er ei markant sosial gradient for daglegrøyking. Jo kortare utdanning, desto høgare del daglegrøykarar. Denne gradienten gjeld også for røyking i svangerskapet. Det er ei stor utfordring i folkehelsearbeidet å påverka denne forskjellen. 

Del røykarar i befolkninga er på veg ned, men blant ungdom og unge vaksne ser det ut til at snus har overtatt noko for røyking. Snus er ikkje like helseskadelege som sigarettar, men er svært avhengigheitsskapande og inneheld helseskadelege og kreftframkallane stoff. 



Variabeldefinisjon: 
Andel fødende som oppga at de røykte ved første svangerskapskontroll i prosent av alle fødende med røykeopplysninger. Statistikken viser gjennomsnitt for overlappende 5-årsperioder. Prosentandel, angitt som gjennomsnitt over 5-årsperiodar, standardisert for alderssamansetjing.