Akvakulturløyve i drift

Dei aller fleste løyva til akvakultur i Sogn og Fjordane er knytt til matfiskoppdrett av laks eller regnbogeaure, og det har vore ein jamn vekst i tildeling av løøyva dei siste 20 åra, til totalt 91 løyve i 2015. 


I Sogn og Fjordane skjer matfiskproduksjonen av laks og aure på 91 lokalitetar sjå kart

Matfiskoppdrett av andre marine artar er langt mindre omfangsrikt, og av dei tjuetals løyva som vart tildelt frå 2005 og utover var det berre 5 igjen i 2015.  Produksjonen av skaldyr i fylket har følgd den same utviklinga. 

Når det gjeld settefisk er det også laks og aureproduksjon som er størst. At talet på løyve til setjefisk og aure går ned skuldast sanering av gamle anlegg og auka produksjon på dei anlegge som har best kapasitet. Det låge talet på løyve til produksjon av setjefisk av andre marine artar heng naturleg saman med reduksjon av matfiskproduksjonen av desse artane.