Tal studentar i fylket

Frå 1. januar 2017 slo Høgskulen i Sogn og Fjordane seg saman med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. Namnet på den nye høgskulen blei Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane på HVL er fordelt på fem campusar, der to av dei ligg i Sogn og Fjordane. Det er studentar ved desse to campusane, Førde og Sogndal, som er vist på denne sida. 



Hausten 2017 var det registrert 3930 studentar ved HVL sine campusar i fylket. Dette utgjorde 16,9 prosent av den samla studentmassen ved dei statlege høgskulane i landet og 6,8 prosent av den totale studentmassen i landet. 1233 kandidatar blei uteksaminert frå Sogndal og Førde, medan 1305 studentar vart registrert for fyrste gong ved dei to same campusane.