Hoftebrot

For eldre kan brotskader vere alvorleg, og hoftebrot er spesielt alvorleg fordi det kan medføre varig redusert funksjonsevne og behov for hjelp og pleie, og dermed redusert livskvalitet. Risikoen for å døy i løpet av det fyrste året etter brotet er signifikant, og størst blant menn.

Talet på hoftebrot blant eldre kan og vera ein indikator på tilgjenge til servicefunksjonar og sosiale aktivitetar. Mange hoftebrot kan vera eit teikn på vanskeleg tilkomst som manglande snøbrøyting og sandstrøing om vinteren.

Graden av osteoporose spelar også inn. For eldre og personar med nedsett funksjonsnivå vil talet på hoftebrot og vera ein indikator på dei kommunale hjelpetenestene.


Variabeldefinisjon: 
Tall per 1000 innbyggjarar i aldergruppa 75 år og eldre, angitt som gjennomsnitt over 3-årsperioder.

*Standardisert for alders- og kjønnssammensetning. Standardiserte tal er tilrådd å nytte ved samanlikning mellom geografiske område, og når ein ser på utvikling over tid. Føremålet med standardisering er å redusere påverknaden av ulik alders- og kjønnsamansetjing når ein samanliknar grupper i tid og rom.