Sysselsetjingsutvikling i privat sektor


Inngangen til denne perioden (år 2009) har både Sogn og Fjordane og landet som heilskap negativ sysselsetjingsutvikling i privat sektor. Som kjent var dette ein periode der verdsøkonomien var ramma av ei alvorleg krise, og dei negative tala kan truleg forklarast med dette. I 2010 nådde Sogn og Fjordane ein svak sysselsetjingsvekst i privat sektor, som tilsvara utviklinga nasjonalt.

Dei påfølgjande tre åra, 2011, 2012 og 2013 er sysselsetjingsutviklinga i privat sektor betydeleg høgare nasjonalt enn i Sogn og Fjordane. I 2012 var sysselsetjingsutviklinga i Sogn og Fjordane faktisk negativ. 

I perioden 2013-17 har sysselsetjingsutviklinga i privat sektor i Sogn og Fjordane vore positiv. i 2014 var utviklinga i fylket tilsvarande for landet som heilskap, i 2016 var det betydeleg betre, medan det i 2017 igjen var svakare.