Næringsstruktur for Sogn og Fjordane. Absolutte tal

 Med omsyn til arbeidsplassar i Sogn og ​Fjordane er dei viktigaste næringane industri, varehandel, bygg og anlegg samt helse og sosial. 



2017
Det blei 355 fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane i løpet av 2017.

Målt i absolutte tal var veksten sterkast innanfor næringane: Bygg og anlegg, undervisning, varehandel samt overnatting og servering.

For fyrste gong på ti år hadde fylket positiv sysselsetjingsutvikling innanfor primærnæringane Jordbruk, skogbruk og fiskeri. Det skuldast hovudsakleg vekst innanfor havbruksnæringa, medan utviklinga innanfor landbruket var negativ også i fjor.