Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er truleg like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule.

Låg, formell utdanning og fråfall frå vidaregåande skule gjev helse- og levekårsproblem seinare i livet. (NOU (2009)). Utdannings- og arbeidsmarknadstilknytinga blir markant betre dersom ein fullfører vidaregåande opplæring (Markussen, E., m.fl. (2008)), medan dei som bryt skulegangen har større sjansar for å hamna utanfor, eller i ein marginal posisjon på, arbeidsmarknaden. Sannsynet for å vera registrert som arbeidssøkar hjå NAV og leve av offentlig støtte er og mykje større i denne gruppa enn i andre utdanningsgrupper (De Ridder, K.A., m.fl.(2012) og Falch, T. & Nyhus, O.H. (2009)).

Prosentdelen fråfall i den vidaregåande skulen.