Barnehagedekning 3-5 år

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Barn som fylte eitt år innan 01.09, og som søkte innan fristen, hadde rett til plass etter barnehagelova § 12 a.

Sogn og Fjordane hadde i 2018 ei barnehagedekning som låg høgare enn landsgjennomsnittet, med ein dekningsgrad på 98,5 prosent for aldersgruppa 3-5 år. I 2018 var landsgjennomsnittet 97,1 prosent.