Utflyttingsgrad for sysselsette og ikkje-sysselsette innvandrarar.

Innvandring er svært viktig for den demografiske utviklinga i Sogn og Fjordane. Samstundes veit vi at tilbøyelegheita til å flytta ut av fylket også er svært stor for denne gruppa. 

Samanliknar vi utflyttingsgraden for sysselsette og ikkje-sysselsette*  innvandrarar** vi at denne er svært forskjellig. I perioden 2010-2015 flytta mellom 16 og 23 prosent av dei ikkje- sysselsette innvandrarane ut av fylket årleg. For dei sysselsette innvandrarane var det berre mellom fem og seks prosent som flytta frå fylket. Til samanlikning flytta mellom to og tre prosent av sysselsette nordmenn*** frå fylket i denne perioden. 

Å sysselsetje innvandrarane som kjem til fylket ser såleis ut til å ha sterk effekt på å få dei til å bli buande i fylket, og er dermed av stor betyding for den demografiske utviklinga i fylket. 



*Det må understrekast at det er skilnad på ikkje- sysselsette og arbeidslause. Om lag 30 prosent av befolkninga mellom 15-74 år er ikkje- sysselsett, men berre om lag to prosent av desse er registrert som arbeidslause og dermed reelt arbeidssøkande. At ein ikkje får jobb er derfor berre ein av fleire moglege forklaringar på at utflyttinga er noko høgare blant ikkje-sysselsette

**med innvandrarar meinast her personar som er født i utlandet av to foreldre som er født i utlandet. 
*** med nordmenn meinast personar som er født i Noreg