Stillingstilgang i Sogn


I Sogn har utviklinga i stillingstilgangen stort sett følgt konjunkturane. Frå 2008 til 2014 gjekk stillingstilgangen ned. Sidan 2015 har det vore ein auke i dei fleste kommunane, og særleg i Aurland. Sett i forhold til arbeidsstyrken, er stillingstilgangen høgast i Aurland (reiseliv) og Leikanger (mange offentlege stillingar). Ein del av stillingane i Aurland er sesongarbeid.