Om Fylkesspegelen

Fylkesspegel Sogn og Fjordane er ein felles nettstad for løpande statistikk og kunnskap om utviklinga i fylket.

Fylkesspegelen skal konsentrere seg om regionale problemstillingar, men også legge til rette for analysar av
bu- og levekår og utfordringar kommunane møter. Difor må så mykje som mogleg av statistikken
brytast ned på kommunenivå, og dette må gjerast tilgjengeleg.

Etter plan- og bygningslova skal fylkestinget minst èin gong i valperioden,
og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein regional planstrategi.
Føremålet med planstrategien er å setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i fylket.

Fylkesspegelen skal sjå på hovudtrekka i utviklinga i fylket innan viktige område som
folketalsutvikling, flyttingar, bu- og arbeidsområde, næringsstruktur, nyskaping, landbruk,
folkehelse, bu- og levekår, helse, arbeidsmarknad, kommunal tenesteyting, samferdsle og miljø/ressursar.

Fylkesspegelen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane,
NAV Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.